2. Samuelsbok 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Davids krigar

1Sidan vann David over filistarane og tvinga dei under seg. Han tok herredømet frå dei.

3Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba, då han drog ut og ville vinna att herredømet over landet ved Eufrat.

4David tok frå han eitt tusen sju hundre hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre.

10sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på David og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden med Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To'u. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og kopar.

11Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka han hadde lagt under seg, Sal 60,2

14Han la vaktmannskap i Edom; i heile Edom la han vaktmannskap. Og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

Davids styre

15Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.

16Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar. 1 Krøn 18,15–17

17Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar.

18Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var prestar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help