Sakarja 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Krigen og freden som kjem

1Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.

2Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.

3Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.

6Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar.

9Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.

10Heile landet skal verta som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamins-porten til den staden der den gamle porten var, til Hjørneporten og Hananel-tårnet, heilt til vinpressene åt kongen.

11Der skal det bu folk. Det skal ikkje vera noka bannlysing meir. Jerusalem skal liggja trygt.

12Dette er den plaga Herren vil senda over alle dei folka som går til strid mot Jerusalem:

Kjøtet skal rotna på dei

medan dei enno står på føtene.

Augo skal rotna i holene sine

og tunga rotna i munnen på dei.

13Den dagen skal det henda at Herren lèt det koma ei stor vilske over dei, så dei fer på kvarandre og lyfter hand mot kvarandre.

14Ja, Juda skal strida mot Jerusalem. Og rikdomen frå alle folkeslaga rundt ikring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder.

15Ei slik plage skal òg koma over hestar, muldyr, kamelar, esel og alle andre dyr som er i leirane deira.

16Alle som vert att av alle dei folkeslag som dreg imot Jerusalem, skal år etter år fara opp og bøya seg og tilbe Kongen, Herren, Allhærs Gud, og høgtida lauvhyttehelga.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help