1Kong Belsasar heldt eit stort gjestebod for dei tusen stormennene sine og sat og drakk vin i lag med dei.
5I same augneblinken synte det seg fingrar av ei menneskehand, og dei skreiv på den kvitkalka veggen i kongsslottet, midt imot ljosestaken. Kongen såg handa som skreiv.
6Då vart han bleik i andletet, og tankane skræmde han. Han veikna i hoftene og skalv i knea.
7Kongen ropa høgt at dei skulle henta åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Og han tok til ords og sa til vismennene i Babylonia: «Den mannen som kan lesa denne skrifta og seia meg kva ho tyder, han skal verta kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal han vera den tredje i riket.»
13Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte judearane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda!
22Men du, Belsasar, son hans, har ikkje audmykt deg, endå du visste alt dette.
23Du har opphøgt deg mot herren over himmelen; kara frå huset hans har dei kome til deg med, og du og stormennene dine, konene og fylgjekonene dine har drukke vin or dei. Du prisa gudane dine av sølv og gull, kopar og jern, tre og stein, dei som korkje ser eller høyrer eller skjønar. Men den Gud som har ditt liv i si hand, og som rår for heile din lagnad, han har du ikkje æra.
29Då baud Belsasar at dei skulle kle Daniel i purpur, hengja gullkjede om halsen hans og ropa ut at han i makt skulle vera den tredje i riket.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.