2. Peter 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Falske lærarar

1Men det fanst òg falske profetar i folket, og sameleis skal det stå fram vranglærarar mellom dykk. Dei skal lura inn vranglære som fører til undergang, og jamvel fornekta Herren som har kjøpt dei frie. Dermed fører dei seg sjølve i ei brå fortaping.

4For Gud sparte ikkje eingong englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei vert haldne i varetekt i mørke holer heilt til domen.

17Slike menneske er som brunnar utan vatn, skodde som driv med vinden. Det svartaste mørker har dei i vente.

20For når nokon har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus og har kome fri frå det ureine i verda, og dei så atter lèt seg fanga av dette og ligg under for det, då er dei verre farne enn før.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help