1Då sa David: «Her skal det stå, huset åt Herren Gud, og her skal Israel ha sitt brennofferaltar.»
Salomo skal byggja templet2Så baud David at alle innflyttarane som budde i Israel, skulle kallast saman, og han sette dei til å hogga til den steinen som Guds hus skulle byggjast av.
6Ein dag kalla han til seg Salomo, son sin, og bad han byggja eit hus åt Herren, Israels Gud.
7David sa til han: Son min, eg hadde sjølv tenkt å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud.
10Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera son min, og eg skal vera far hans, og eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel til evig tid.»
11Så vere då Herren med deg, son min! Gjev du må ha lukka med deg og få byggja huset åt Herren din Gud, så som han har sagt om deg.
12Berre no Herren vil gje deg vit og skjøn når han set deg over Israel, og berre du vil halda lova åt Herren din Gud! 1 Kong 3,12
13Då kjem du til å ha lukka med deg, når du legg vinn på å leva etter dei føresegner og bod som Herren gav Israel gjennom Moses. Ver djerv og sterk! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! Jos 1,9; 1 Kong 2,2
14Her har eg med strev og møde samla til Herrens hus hundre tusen talentar gull, ein million talentar sølv, og så mykje bronse og jern at ingen kan vega det. Tre og stein har eg òg fått fram, og meir kan du sjølv leggja til.
15Arbeidsfolk har du i flokketal: steinhoggarar, murarar og tømmermenn, og mykje folk som skjønar seg på allslags arbeid
16i gull, sølv, bronse og jern. Gå til verket, og Herren vere med deg!
17Så bad David alle Israels hovdingar at dei skulle hjelpa Salomo, son hans:
18«Ser de ikkje at Herren dykkar Gud er med dykk og har gjeve dykk ro på alle kantar? Han har gjeve meg herredøme over dei som budde i landet, og landet er lagt under Herren og folket hans. 23,25
19Så legg no hjarta og hug i å søkja Herren dykkar Gud! Og gjer dykk ferdige til å byggja heilagdomen åt Herren Gud, så de kan få flytt Herrens paktkiste og dei heilage kara som høyrer gudstenesta til, inn i det huset som skal byggjast for Herrens namn.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.