Matteus 21 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus kjem til Jerusalem(Kap. 21–23)Jesus rid inn i Jerusalem(Mark 11,1–11; Luk 19,29–38; Joh 12,12–16)

1Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg

2og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg.

3Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong.»

4Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten, når han seier:

5Sei til Sions dotter:

Sjå, kongen din kjem til deg,

audmjuk rid han på eit esel,

folen til eit kløvdyr.

6Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.

7Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.

Hosianna, Davids son!

Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!

Hosianna i det høgste!

10Då han drog inn i Jerusalem, kom heile byen i rørsle og spurde: «Kven er dette?»

11Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»Mitt hus skal kallast eit bønehus(Mark 11,15–19; Luk 19,45–48; Joh 2,13–16)

12Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,

13og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole.»

14På tempelplassen kom det blinde og vanføre til han, og han lækte dei.

15Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde, og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge

16og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja,» svara Jesus. «Har de aldri lese:

Du har late småborn og spedborn

syngja din pris!»

17Så gjekk han frå dei og ut or byen, til Betania; der var han om natta.

Fikentreet som ikkje bar frukt(Mark 11,12–14.20–24)

18Om morgonen, medan Jesus var på veg inn til byen, vart han svolten.

19Han fekk sjå eit fikentre attmed vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet. Jesu fullmakt(Mark 11,27–33; Luk 20,1–8)

23Så gjekk Jesus inn på tempelplassen; og medan han lærte folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva rett har du til å gjera dette? Kven har gjeve deg fullmakt til det?» Paktarane og arvingen(Mark 12,1–12; Luk 20,9–19)

33Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.

34Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga.

35Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei.

40Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?»

41«Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»

42Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:

Den steinen bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein.

Det er Herrens eige verk,

underfullt er det i våre augo.

43Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help