1Til korleiaren. Med fløytespel.
Ein Davids-salme.
2Herre, høyr mine ord,
gjev akt på mitt sukk!
3Lyd til mitt rop om hjelp,
min konge og min Gud!
Herre, eg bed til deg.
4Om morgonen høyrer du mi røyst,
tidleg vender eg meg til deg og ventar.
5Du er ein gud som ikkje toler vondskap;
den vonde får ikkje gjesta deg.
6Dei hovmodige får ikkje stiga fram for deg.
Du hatar alle ugjerningsmenn
7og gjer ende på dei som talar lygn.
Herren styggjest ved drapsmenn og svikarar.
8Men ved di store miskunn
kan eg gå inn i ditt hus.
Eg vender meg mot ditt heilage tempel
og bøyer meg ned i age for deg.
9Herre, lei meg i di rettferd,
så mine fiendar ikkje når meg.
Gjer vegen jamn for meg!
10Det finst ikkje sanning i deira munn,
dei er heilt igjennom rotne.
Deira strupe er som ei open grav,
falske ord ligg dei på tunga.
11Gud, lat dei bøta for si skuld,
lat dei falla for sine vonde planar!
Driv dei bort og sprei dei!
For deira synd og skuld er stor,
dei har trassa deg.
12Alle som flyr til deg,
skal alltid vera glade og fegne.
Du vernar dei,
og dei som elskar ditt namn,
skal fryda seg i deg.
13For du, Herre, velsignar den rettferdige,
du vernar han med nåde som med eit skjold.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.