1Såleis lydde det brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att mellom dei bortførte, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført bort frå Jerusalem til Babylonia.
2Det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene, hovdingane i Juda og Jerusalem, handverkarane og smedane.
10Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden.
12Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk.
15De seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babylonia.»
16Så seier Herren om kongen som sit på Davids kongsstol, og om alt folket som bur i denne byen, frendane dykkar, som ikkje laut fara bort frå landet saman med dykk,
17ja, så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg sender imot dei sverd og svolt og pest og gjer dei lik sprokne fikenar, som er så ringe at dei ikkje kan etast.
24Til Sjemaja frå Neklam skal du seia:
25Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja Ma'asejason og til alle dei andre prestane:
26Herren har sett deg til prest etter Jojada, så du kan vera tilsynsmann i Herrens hus og sjå etter alle dei som er frå vitet og driv og spår; du skal setja dei i blokk og halsjern.
27Kvifor talar du då ikkje Jeremia frå Anatot til rettes, han som driv og profeterer for dykk?
28For han har sendt brev til oss i Babylonia og sagt: «Det kjem til å vara lenge. Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei!»
29Dette brevet las presten Sefanja opp for profeten Jeremia.
30Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:
31Send bod til alle dei bortførte og sei: Så seier Herren om Sjemaja frå Neklam: Sjemaja har drive og profetert for dykk, endå eg ikkje har sendt han, og han har fått dykk til å lita på lygn. 28,15ff
32Difor seier Herren: Sjå, eg vil straffa Sjemaja frå Neklam og etterkomarane hans. Ingen av ætta hans skal få bu mellom israelittane og sjå kor mykje godt eg gjer mot folket mitt. For han har forkynt fråfall frå Herren, lyder ordet frå Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.