Lukas 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Peters fiskefangst(Matt 4,18–22; Mark 1,16–20)

1Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord.

2Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene.

3Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten.

4Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.» Den spedalske mannen(Matt 8,1–4; Mark 1,40–45)

12Ein gong han var i ein av byane, kom det ein mann som var full av spedalsksykje. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»

13Jesus rette ut handa, tok bortpå han og sa: «Eg vil! Vert rein!» Og med det same var sjukdomen borte.

14Men Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Gå berre og vis deg for presten,» sa han, «og ber fram offer for reinsinga di, så som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.» Den lame mannen(Matt 9,1–8; Mark 2,1–12)

17Ein dag heldt han på og lærte folket, og der sat det nokre farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja.

18Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus,

19men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides nokre taksteinar og firte han på båra ned beint framfor Jesus.

20Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.» Spørsmålet om faste(Matt 9,14–17; Mark 2,18–22)

33Så sa dei til han: «Læresveinane åt Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane åt farisearane, men dine læresveinar et og drikk.»

34Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei? Joh 3,29+

35Men det skal koma ei tid då brudgomen vert teken frå dei, og når den tida kjem, då skal dei fasta.»

36Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt kledeplagg og brukar det til bot på eit gamalt. For då vert det nye kledeplagget sundrive, og bota frå det nye høver ikkje på det gamle.

37Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde.

38Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker.

39Og ingen som har drukke gamal vin, har hug på ny. Han vil seia at den gamle er best.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help