Esekiel 17 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Vintreet og ørnane

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, set fram ei gåte for Israels-ætta, fortel dei ei likning

3og sei: Så seier Herren Gud:

Den store ørna med store venger

og lange vengefjører,

med tett og mangleta fjørham,

kom til Libanon.

Ho tok toppen av sederen,

4braut av den øvste greina,

førte henne til kræmarlandet

og sette henne i handelsbyen.

5Så tok ho ei plante som voks i landet,

og sette henne i god jord,

planta henne som ei selje

ein stad der det var rikeleg med vatn.

6Ho voks og vart til eit vintre,

som var grønt, men lågt,

så rankene bøygde seg mot ørna

og røtene voks inn under henne.

Så vart ho til eit vintre som fekk greiner

og strekte ut sine kvister.

7Men det var ei anna ørn

med store venger og tett fjørham.

No tøygde vintreet sine røter

bort imot denne ørna

og bøygde greinene mot henne,

så ho skulle gje det meir vatn

enn jordstykket som det var planta i.

8Treet var planta i god jord

og hadde rikeleg med vatn,

så det kunne få greiner og bera frukt

og verta eit framifrå vintre.

9Du skal seia:

Så seier Herren Gud:

Kjem vintreet til å trivast?

Vert ikkje røtene rivne opp

og treet snøytt for frukt?

Alle friske renningar skal turka,

og då trengst det ingen sterk arm

og ikkje mange menneske

til å riva det opp med rot.

10No er det planta.

Men vil det trivast?

Vil det ikkje berre turka

når austavinden når det,

turka i den jord det veks?

11Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

12Sei til denne trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Du skal seia: Babylonarkongen kom til Jerusalem, tok kongen og hovdingane i byen og førte dei med seg til Babylonia.

16Så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi han vanvørde eiden han gav den kongen som gjorde han til konge, og braut pakta med han, difor skal han døy hjå kongen i Babylonia.

17Og farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk og hjelpa han i striden, når fienden kastar opp ein voll og byggjer kringsetjingstårn for å rydja ut mange menneske.

18Han vanvørde eiden og braut pakta, og alt dette gjorde han endå han hadde gjeve handslag. Nei, han skal ikkje sleppa unna.

19Så seier Herren Gud: Så sant eg lever: Eg skal sanneleg gje han att fordi han vanvørde eiden i mitt namn og braut pakta med meg.

20Eg strekkjer ut garnet mitt over han og fangar han i nettet. Så fører eg han til Babylonia og held dom over han der, fordi han var trulaus mot meg.

Eg tek sjølv ein kvist

av toppen på ein høg seder,

frå dei øvste greinene

riv eg eit fint skot

og plantar det på eit høgt og mektig fjell;

23eg plantar det på Israels høge fjell.

Det skal få greiner og bera frukt

og verta ein briken seder.

Alle slag fuglar skal bu i det,

alt som har venger, skal halda til

i skuggen av greinene på det.

24Då skal alle tre på marka

sanna at eg er Herren.

Det høge treet gjer eg lågt,

og det låge gjer eg høgt.

Det friske treet lèt eg turka,

og det turre lèt eg veksa.

Eg, Herren, har tala og vil la det henda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help