1. Samuelsbok 30 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Hærferda mot amalekittane

1To dagar etter kom David og mennene hans til Siklag. Då hadde amalekittane gjort ei herjeferd mot Negev og Siklag. Siklag hadde dei herja og brent.

2Kvinnene og alle som var der, både små og store, hadde dei teke til fange. Dei hadde ikkje drepe nokon, men teke dei med seg og fare sin veg.

3Då David og mennene hans kom heim, var byen brend, og konene og sønene og døtrene deira bortførte.

4Dei brast i gråt, både David og folket som fylgde han, og dei gret til dei ikkje orka meir.

5Dei to konene til David, Akinoam frå Jisre'el og Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel, var òg bortførte.

9Så tok David i veg med dei seks hundre mennene som fylgde han, og dei kom til Besor-dalen. Der vart nokre av dei att.

10David sette etter fienden med fire hundre mann. To hundre var att; dei var for trøytte til å gå over Besor-dalen.

11Ute på marka fann dei ein egyptar. Dei tok han med seg til David og gav han mat å eta og vatn å drikka.

12Han fekk òg eit stykke fikenkake og to rosinkaker. Då han hadde ete, kom han til krefter att. Han hadde ikkje smaka vått eller turt på tre døger.

13David spurde han: «Kven høyrer du til, og kvar er du ifrå?» Han svara: «Eg er ein egyptisk gut og er træl hjå ein amalekitt. Husbonden min gjekk frå meg her for tre dagar sidan fordi eg vart sjuk.

14Vi hadde herja i Negev, både mellom kretarane, judearane og kalebittane, og Siklag hadde vi brent.»

15Då sa David til han: «Vil du føra meg ned til denne røvarflokken?» Guten svara: «Sver du ved Gud at du ikkje vil drepa meg eller gje meg i hendene på husbonden min, så skal eg syna deg vegen ned til røvarflokken.»

16Så fylgde han David dit. Og der låg ransmennene spreidde ut over heile marka. Dei åt og drakk og heldt fest på alt det store hærfanget dei hadde teke i Filistarlandet og i Juda.

17David hogg dei ned; han heldt på frå grålysinga til det vart kveld dagen etter. Ingen av dei slapp unna, så nær som fire hundre unge menn som kasta seg på kamelane og rømde.

18Såleis berga David alt det som amalekittane hadde teke. Dei to konene sine berga han òg.

19Ingen var sakna, korkje liten eller stor, søner eller døtrer, og heller ikkje noko av hærfanget eller av det som ransmennene elles hadde teke med seg. Alt saman tok David att.

20Dei tok alt småfeet og storfeet, dreiv bølingen saman framfor han og sa: «Dette er Davids hærfang.»

21Då David kom til dei to hundre mennene som hadde vore for trøytte til å fylgja han, dei han hadde late vera att i Besor-dalen, kom dei ut imot han og flokken som var med han. David gjekk fram til mennene og helsa på dei.

22Då var det nokre vonde og gudlause menn i fylgjet hans som tok til ords og sa: «Sidan dei ikkje var med oss, vil vi ikkje gje dei noko av hærfanget som vi har berga. Berre konene og borna sine må dei alle få med seg når dei fer heim.»

23Men David svara: «Far ikkje så åt, brør, med det som Herren har gjeve oss. Han har verna oss og hjelpt oss til å få tak i røvarflokken som kom over oss.

24Ingen held med dykk i dette. For den som går med i striden, skal ikkje ha meir av hærfanget enn den som vert att ved trenet. Dei skal dela likt.»

28i Aroer, i Sifmot, i Esjtemoa,

29i Rakal, i jerakme'elittbyane, i kenittbyane,

30i Horma, i Bor-Asjan, i Atak,

31i Hebron og alle dei andre stadene der han og mennene hans hadde vanka.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help