Salmane 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren held meg oppe

1Ein salme av David, då han rømde for Absalom, son sin.

2Herre, kor talrike mine fiendar er!

Mange er dei som reiser seg mot meg.

3Mange er dei som seier om meg:

«Det er ikkje frelse for han hjå Gud.» Sela

4Men du er eit skjold for meg, Herre,

du er mi ære, du lyfter mitt hovud.

5Då eg ropa høgt til Herren,

svara han meg frå sitt heilage fjell. Sela

6Eg la meg ned og sovna

– og vakna, for Herren held meg oppe.

7Eg er ikkje redd om ti tusen mann

fylkar seg mot meg på alle kantar.

8Reis deg, Herre! Frels meg, min Gud!

For du slår alle mine fiendar på kinnet

og knuser tennene på dei vonde.

9Hjå Herren er det frelse.

Lat di signing kvila over ditt folk!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help