Høgsongen 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Om natta leita eg på lægjet

etter han som leikar i min hug.

Eg leita, men fann han ikkje.

2«Eg vil opp og gå ikring i byen

og leita på gater og torg

etter han som leikar i min hug.»

Eg leita, men fann han ikkje.

3Eg møtte vaktmennene som sveiv ikring i byen:

«Har de sett han som leikar i min hug?»

4Eg hadde ikkje før gått frå dei,

så fann eg han som leikar i min hug.

Eg tok tak i han og sleppte han ikkje

før eg fekk han inn i huset åt mor mi,

i koven åt ho som fødde meg.

5Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer,

ved gasellane og hindane i marka:

Vekk ikkje kjærleiken!

Eggja han ikkje før sjølv han vil! Brudgomen kjem

6Kva er det som stig opp frå øydemarka

som ei røyksøyle,

omfløymd av angande myrra og røykjelse

og kræmarkrydder av alle slag?

7Sjå, det er Salomos berestol

med seksti kjemper ikring

av Israels djervaste menn.

8Alle er væpna med sverd

og vel røynde i strid.

Kvar mann ber sverd ved lend

til vern mot skræmsler i natta.

9Kong Salomo laga ein berestol

av tre frå Libanon.

10Stengene gjorde han av sølv

og ryggstøet av gull.

Sessen er kledd med purpur

og innsidene prydde med ler.

11Kom ut, Jerusalems døtrer!

Skoda kong Salomo, Sions døtrer!

Sjå krona som mor hans

prydde han med på bryllaupsdagen,

hans hjartans glededag.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help