1Ve deg som herjar,
men ikkje sjølv er herja,
du ransmann som ingen har rana!
Når du er ferdig med å herja,
skal du herjast sjølv;
når du sluttar å rana,
skal dei rana deg.
2Ver oss nådig, Herre, vi ventar på deg!
Ver du vår styrke kvar morgon,
vår frelse når vi er i naud.
3For di veldige røyst rømer folka;
når du reiser deg, vert folkeslag spreidde.
4Folk riv til seg hærfang
som når grashopper snøyer,
som grashoppesvermar
kastar dei seg over det.
5Opphøgd er Herren, han bur i det høge;
han fyller Sion med rett og rettferd.
6Trygge tider skal du få sjå,
ein rikdom av frelse, visdom og kunnskap.
Då skal age for Herren vera Sions skatt.
7Høyr, Ariels menn, kor det skrik der ute!
Sårt græt dei sendemenn som tinga om fred.
8Vegane ligg aude,
ingen ferdast på stigane meir.
Pakta vert broten og vitne vanvørde;
ingen bryr seg om menneske.
9Landet sturer og visnar,
Libanon sjuknar bort av skam,
Saron er som den aude mark,
Basan og Karmel misser lauvet.
10No vil eg reisa meg, seier Herren,
no vil eg stå opp og stiga fram.
11De er svangre med høy og føder halm,
min pust skal øyda dykk som eld.
12Folkeslag skal brennast til kalk,
dei skal brennast som avhoggen klunger.
13Høyr kva eg vil gjera,
de som er langt unna,
og kjenn min styrke,
de som er nær!
14Syndarar skjelv av redsle på Sion,
angst har gripe dei gudlause:
«Kven kan bu ved ein øydande eld?
Kven kan bu ved evige logar?»
15«Den som ferdast i rettferd
og talar det som er rett,
som seier nei til vinning vunnen med vald,
som veiftar med handa og viser
at han ikkje tek muter,
stappar øyro til for all tale om bloddåd,
og lèt augo att for det som er vondt,
16han får bu på høge stader,
bratte fjell er hans vern;
han får sitt brød og vantar ikkje vatn.»
17Med eigne augo skal du skoda
Kongen i hans herlegdom,
og du får sjå eit vidsveimt land.
18Du skal tenkja på redsla som rådde:
Kvar er han som skreiv og vog,
kvar er han som talde tårna?
19Du ser ikkje lenger det frekke folket,
folket med det vanskelege språket
som ingen skjønar,
med stammande tunge som ingen kan tyda.
20Sjå på Sion,
byen der vi held våre høgtider!
Augo dine skal skoda
Jerusalem, den trygge stad,
teltet som ikkje skal flyttast,
med pluggar som ikkje skal rivast,
og snorer som aldri slitnar.
21For der er Herren, den veldige, med oss.
Der skal breie elvar strøyma;
men på dei skal båtar ikkje gå
og stolte skuter ikkje fara.
22For Herren er vår domar,
han er vår hovding,
Herren er vår konge,
han frelser oss.
23Slakt heng tauverket på dine skip,
det held ikkje masta på plass
og held ikkje seglet utspent.
Då kan folk skifta hærfang i mengd,
jamvel lame ranar og plyndrar.
24Ingen borgar skal seia: «Eg er sjuk.»
Dei som bur der,
har fått sine synder tilgjevne.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.