Josva 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dei kongane som israelittane vann over

1Dei kongane austanfor Jordan som israelittane vann over og tok landet frå mellom Arnon-elva og Hermon-fjellet, på heile austsida av Jordan,

2det var fyrst amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon. Han rådde over landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, frå midt i elva, og over halve Gilead til Jabbok-elva, som er grensa mot ammonittane.

7No hadde Josva og israelittane vunne over kongane i landet vestanfor Jordan, frå Ba'al-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se'ir. Dette landet gav Josva Israels-ættene til eigedom, så kvar ætt fekk sin del:

8i fjellbygdene, Sjefela og Jordan-dalen, i liene, øydemarka og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.

9Dette er dei kongane som Josva vann over: kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai ved Betel, ein,

10kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,

11kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakisj, ein,

12kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,

13kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,

14kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,

15kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,

16kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,

17kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,

18kongen i Afek, ein, kongen i Saron, ein,

19kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,

20kongen i Sjimron-Meron, ein, kongen i Aksjaf, ein,

21kongen i Ta'anak, ein, kongen i Megiddo, ein,

22kongen i Kedesj, ein, kongen i Jokneam ved Karmel, ein,

23kongen i Dor på Dor-høgda, ein, kongen over folka i Galilea, ein,

24kongen i Tirsa, ein, i alt trettiein kongar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help