Markus 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Menneskebod og Guds bod(Matt 15,1–20)

1Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus.

2Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med vanheilage, det vil seia uvaska hender.

Dette folket ærar meg med lippene,

men hjarta deira er langt borte frå meg.

7Dei dyrkar meg fåfengt,

for det dei lærer, er menneskebod.

8De bryr dykk ikkje om Guds bod, men held fast på føresegner som er overtekne etter menneske.»

9Og han sa til dei: «Ja, de fer fint åt! De gjer Guds bod om inkje, så de kan fylgja dykkar eigne føresegner.

10Moses har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy.

17Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om denne likninga.

18«Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at det som kjem inn i mennesket utanfrå, ikkje kan gjera det ureint?

19Det kjem då ikkje inn i hjarta, men fer ned i magen og ut att.» Dermed slo han fast at all mat er rein.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help