1Arons-sønene òg vart inndelte i skift. Sønene til Aron var Nadab og Abihu, Elasar og Itamar. 2 Mos 6,23
2Men Nadab og Abihu døydde før far sin og hadde ingen søner. Det var såleis berre Elasar og Itamar som vart prestar. 3 Mos 10,1f
3Saman med Sadok av Elasar-sønene og Akimelek av Itamar-sønene delte David dei inn i flokkar etter den tenesta dei skulle ha. 2 Krøn 8,14
4Men då det synte seg at Elasar-sønene hadde fleire hovdingar enn Itamar-sønene, laga dei det så at Elasar-sønene fekk seksten hovdingar for sine ættgreiner og Itamar-sønene åtte for sine ættgreiner.
5Det var med loddkasting dei delte dei, begge ættene. For det fanst leiarar for det heilage, for det som har med Gud å gjera, både mellom Elasar-sønene og Itamar-sønene.
6Skrivaren Sjemaja, son til Netanel av Levi-ætta, skreiv dei opp, medan kongen og stormennene, presten Sadok og Akimelek, son til Ebjatar, og ættehovdingane åt prestane og levittane såg på. Kvar gong dei tok ut ei ættgrein for Itamar, tok dei ut to for Elasar.
7Det fyrste loddet fall på Jojarib, det andre på Jedaja,
8det tredje på Harim, det fjerde på Seorim,
9det femte på Malkia, det sjette på Mijamin,
10det sjuande på Hakkos, det åttande på Abia, Luk 1,5
11det niande på Jesjua, det tiande på Sjekanja,
12det ellevte på Eljasjib, det tolvte på Jakim,
13det trettande på Huppa, det fjortande på Jesjebab,
14det femtande på Bilga, det sekstande på Immer,
15det syttande på Hesir, det attande på Happisses,
16det nittande på Petakja, det tjuande på Jeheskel,
17det tjuefyrste på Jakin, det tjueandre på Gamul,
18det tjuetredje på Delaja og det tjuefjerde på Ma'asja.
19Dette var dei skifta dei skulle vera inndelte i når dei kom og gjorde teneste i Herrens hus, så som Aron, ættefar deira, hadde sagt dei føre etter det påbodet han hadde fått frå Herren, Israels Gud.
20Dei andre Levi-sønene var: av Amram-sønene Sjubael, av Sjubael-sønene Jekdeja;
21av Rehabja-sønene Jisjia, som var hovding;
22av Jishar-sønene Sjelomot, av Sjelomot-sønene Jahat;
23av Hebron-sønene Jeria – den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam;
24av Ussiel-sønene Mika; av Mika-sønene Sjamir
25– bror til Mika var Jisjia; av Jisjia-sønene Sakarja;
26av Merari-sønene Makli og Musji – mellom sønene hans var Ja'asia òg,
27og etterkomarar etter Merari gjennom Ja'asia, son hans, var Sjoham, Sakkur og Ibri;
28av Makli-sønene Elasar, som ikkje hadde søner sjølv;
29av Kisj-sønene Jerakme'el;
30av Musji-sønene Makli, Eder og Jerimot. Dette var Levi-sønene, ættgrein for ættgrein.
31Dei òg kasta lodd, liksom Arons-sønene, brørne deira, medan kong David, Sadok og Akimelek og ættehovdingane åt prestane og levittane stod og såg på, dei fremste ættgreinene så vel som dei ringaste.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.