1Mi livskraft er slokna,
mi tid er ute,
eg har berre grava i vente.
2Sanneleg, eg møter spott,
mine augo er trøytte av deira motstand.
3Lat ein annan gå god for meg hjå deg!
Kven skulle elles gje meg sitt handtak?
4Du har stengt deira hjarta for skjøn,
difor lèt du dei ikkje triumfera.
5Ein mann fortel sine vener
korleis eigedomen hans skal delast;
men sønene hans får sløve augo.
6Du har gjort meg til spott og spe for folk,
eg er ein mann som dei spyttar på.
7Augo mine er sløve av sorg,
mine lemer kverv som ein skugge.
8Rettferdige folk støkk til av slikt,
den skuldlause argast på den som er gudlaus.
9Men den rettferdige held fast på si ferd,
og den som har reine hender,
får endå større kraft.
10Men de, kom att alle saman!
Eg finn ingen vismann mellom dykk.
11Mi tid er ute, mine planar er knuste,
alle dei ynske eg hadde.
12Mine vener gjer natta til dag
og seier at ljoset er nærare enn mørkret.
13Er det von for meg?
Dødsriket er min bustad,
i mørkret reier eg mi lege.
14Eg ropar til grava: «Du er min far!»
og til krypet i jorda: «Mi mor og syster!»
15Kvar finst vel det som eg kan venta på?
Er det nokon som øygnar von for meg?
16Går vona til dødsriket saman med meg,
sig vi ned i støvet på same tid?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.