Efesarane 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Ha Gud til førebilete, de som er hans kjære born.

Vakna, du som søv,

stå opp frå dei døde,

og Kristus skal lysa for deg.

15Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke,

16så de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde. Heim og huslyd

21Ver kvarandre underordna i age for Kristus. 1 Pet 5,5

22Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv. 1 Kor 14,34+; Kol 3,18–4,1; 1 Pet 2,18–3,7

23For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for lekamen sin. 1 Kor 11,3; Ef 4,15f

24Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.

25De menn skal elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, Joh 3,29+; Kol 3,19; 1 Pet 3,7

26så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord. Tit 3,5+

27På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera. Kol 1,22

28På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv.

29Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, tvert om gjev han kroppen næring og tek seg av han på same måten som Kristus gjer med kyrkja.

30For vi er lemer på hans lekam. 1 Kor 12,27+

31Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt. 1 Mos 2,24; Matt 19,5

32Dette er eit stort mysterium; no tenkjer eg på Kristus og kyrkja.

33Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha age for mannen sin.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help