Johannes' openberring 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Guds tenarar vert merkte med segl

1Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind på jorda eller over havet eller mot trea.

4Og eg høyrde talet på dei som bar seglet: Det var 144 000, frå alle ættene i Israels-folket.

5Av Juda-ætta var det 12 000 med segl,

av Rubens-ætta 12 000,

av Gads-ætta 12 000,

6av Asjers-ætta 12 000,

av Naftali-ætta 12 000,

av Manasse-ætta 12 000,

7av Simeons-ætta 12 000,

av Levi-ætta 12 000,

av Jissakars-ætta 12 000,

8av Sebulons-ætta 12 000,

av Josefs-ætta 12 000,

og av Benjamins-ætta 12 000 med segl.

Den store kvite flokken

9Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor kongsstolen og Lammet, kledde i kvite klede og med palmegreiner i hendene.

Sigeren tilhøyrer vår Gud,

han som sit på kongsstolen, og Lammet.

11Alle englane stod i ein krins om kongsstolen og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor kongsstolen med andletet mot jorda og tilbad Gud

Amen.

All lov og pris og visdom,

takk og ære, makt og velde

høyrer vår Gud til i all æve.

Amen.

13Då tok ein av dei eldste til ords og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei og kvar kjem dei frå?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help