1Sidan fór Jesus bort til hi sida av Galilea-sjøen eller Tiberias-sjøen.
2Og mykje folk fylgde etter han, fordi dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke.
3Jesus gjekk opp i fjellet, og der sette han seg saman med læresveinane sine.
4Det leid mot påske, høgtida åt jødane.
5Som no Jesus såg opp og la merke til at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød, så alle desse kan få seg mat?»
6Det sa han for å prøva Filip; for han visste sjølv kva han ville gjera.
7Filip svara: «Brød for to hundre denarar rekk ikkje til så kvar av dei kan få eit lite stykke.»
8Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han:
9«Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?» Jesus går på vatnet(Matt 14,22–27; Mark 6,45–52)
16Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen.
17Dei gjekk ut i ein båt og ville fara over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei.
18Sjøen gjekk høg, for det bles hardt.
19Då dei hadde rott tjuefem eller tretti stadier, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde.
20Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!»
21Då lét dei han koma opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.
Brødet frå himmelen22Dagen etter stod det endå mange menneske att på hi sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine.
23No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet.
28Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?»
29Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» Peters vedkjenning
66Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje ikring med han lenger.
67Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?»
68Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord,
69og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.