1I det tolvte året Akas var konge i Juda, vart Hosea, son til Ela, konge i Israel. Han styrte i Samaria i ni år.
5Så drog han inn i landet og gjekk mot Samaria, som han heldt kringsett i tre år.
7Såleis gjekk det fordi israelittane synda mot Herren sin Gud, han som hadde ført dei opp frå Egypt og fria dei frå farao, egyptarkongen, og hans velde. Dei ottast andre gudar
13Herren åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane og sjåarane sine. Han sa: «Vend om frå dykkar vonde ferd! Hald boda og føresegnene mine, i samsvar med heile den lova eg gav fedrane dykkar og sende dykk gjennom tenarane mine, profetane.»
18Difor vart Herren brennande harm på israelittane og støytte dei frå seg. Berre Juda-ætta vart att. Den nye gudsdyrkinga i Samaria
24Kongen i Assyria henta folk frå Babylon, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der.
25Den fyrste tida dei budde der, hadde dei ikkje age for Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei. 3 Mos 26,22
26Då sa dei til assyrarkongen: «Dei folka som du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Difor har han sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei, fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.»
27Då sa assyrarkongen til mennene sine: «Send ein av dei prestane som de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.»
28Så kom ein av prestane som dei hadde ført bort frå Samaria, og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle ottast Herren.
29Desse folka hadde laga seg kvar sin gud og sett dei i eigne hus som mennene i Samaria hadde bygt på haugane. Det gjorde kvart folk i dei byane dei budde i. Jona 1,5
30Mennene frå Babylon laga eit bilete av Sukkot-Benot, mennene frå Kut eit bilete av Nergal og mennene frå Hamat eit bilete av Asjima.
31Folk frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei som kom frå Sefarvajim, brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim.
32Dei hadde nok age for Herren, men sette nokre av sine eigne folk til prestar på haugane, og dei bar fram offer for dei i husa der. 1 Kong 12,31
33Samstundes som dei hadde age for Herren, dyrka dei sine eigne gudar på same vis som dei folkeslaga dei var bortførte frå.
34Til denne dag har dei fylgt dei gamle skikkane sine. Dei har ikkje age for Herren og held seg ikkje etter dei føresegnene og reglane dei har fått, dei lovene og boda Herren har gjeve etterkomarane etter Jakob, som han gav namnet Israel. 1 Mos 32,28
35Herren gjorde ei pakt med dei og gav dei dette bodet: «De skal ikkje ottast andre gudar, ikkje bøya dykk og tilbe dei og ikkje dyrka dei eller ofra til dei. 2 Mos 23,13; Dom 6,10
36Men Herren, som førte dykk opp frå Egypt med stor styrke og med strak arm, han skal de ottast. Han skal de bøya dykk for og tilbe, og til han skal de ofra.
37Dei føresegnene og reglane, dei lovene og boda som han skreiv opp åt dykk, skal de alltid leggja vinn på å leva etter. Og de må ikkje ottast andre gudar.
38Gløym ikkje den pakta eg gjorde med dykk, og ottast ikkje andre gudar!
39Berre Herren dykkar Gud skal de ottast; så vil han berga dykk frå alle fiendane dykkar.»
40Men dei ville ikkje høyra på Herren. Dei bar seg åt på same vis som før.
41Så hadde nok desse framande folka age for Herren, men dyrka samstundes gudebileta sine. Og borna og barneborna deira har gjort som fedrane sine til denne dag.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.