1Trøysta, trøysta mitt folk,
seier dykkar Gud.
2Tala mildt til Jerusalem
og ropa til henne
at striden hennar er enda,
at skulda hennar er kvitta,
at ho har fått av Herrens hand
dobbelt for alle sine synder. Ryd veg for Herren!
3Høyr, det er ein som ropar i heia:
Ryd veg for Herren,
lag gjennom øydemarka
ein kongsveg for vår Gud!
4Kvar dal skal hevjast,
kvart fjell, kvar haug skal jamnast.
Bakket land skal verta slette
og kollane flat mark.
5Herrens herlegdom skal syna seg,
og alle menneske skal sjå det.
Dette er ordet frå Herrens munn. Guds ord står fast
6Høyr, det er ein som seier: «Forkynn!»
Eg spør: «Kva skal eg forkynna?»
«Alle menneske er som graset,
og all deira herlegdom som blomen på marka.
7Graset turkar bort, og blomen visnar
når Herrens ande blæs på dei;
ja, i sanning, folk er som gras.
8Graset turkar bort, og blomen visnar,
men ordet frå vår Gud står fast til evig tid.» Herren fører folket heim
9Stig opp på høge fjellet,
du Sions gledebod!
Lat røysta ljoma,
Jerusalems fagnadbod!
Lat røysta ljoma, reddast ikkje!
Sei til byane i Juda:
«Sjå, der er dykkar Gud!»
10Sjå, Herren din Gud kjem med velde,
hans arm gjev han herredøme.
Dei han fekk i løn, er med han,
dei han vann, går føre han.
11Som ein hyrding skal han gjæta si hjord.
Han skal samla lamma i armen
og bera dei ved barmen,
og lamsauene skal han leia. Ingen er som Gud
12Kven har mælt havet med si hand
og himmelen med utspente fingrar?
Kven samla molda på jorda i skjeppe,
vog fjella på vekt
og haugane i vektskåler?
13Kven har rettleitt Herrens Ande,
kven har lært han og gjeve han råd?
14Kven har han samrådt seg med,
så han kunne gje han skjøn,
læra han å gjera det rette,
gje han kunnskap
og syna han vegen til visdom?
15Sjå, folka er som ein drope på eit spann,
som støvfjom på ei vektskål å rekna;
jamvel øyar og strender veg ikkje meir enn dust.
16Libanon har ikkje skog nok til brensel
og ikkje dyr nok til brennoffer.
17Som inkje er alle folk for Herren,
han reknar dei for reine inkjevetta.
18Kven vil de då likna Gud med,
kva kan de setja opp mot han?
19Eit gudebilete vert støypt av ein meister,
ein gullsmed kler det med gull
og lagar sølvkjeder til det.
20Den som skal laga eit gudebilete,
vel seg tre som ikkje morknar,
og leitar opp ein kunnig meister
til å gjera eit bilete som står støtt.
21Veit de det ikkje,
har de ikkje høyrt det?
Er det ikkje kunngjort dykk frå fyrste stund?
Har de ikkje skjøna det
frå heimsens grunnvoll vart lagd:
22Herren tronar over jordkrinsen,
og dei som bur der, er som grashopper.
Han breier ut himmelen som eit slør,
spenner han ut som eit telt til å bu i.
23Han lèt fyrstar gå til grunne
og rydjar ut styresmenn på jord.
24Knapt er dei planta,
knapt er dei sådde,
knapt har dei røtt seg i jorda,
så blæs han på dei, og dei visnar,
og stormen føykjer dei bort som strå.
25«Kven vil de likna meg med,
kven er eg lik?» seier Den Heilage.
26Lyft augo mot det høge og sjå:
Kven var det som skapte desse?
Han som mønstrar deira hær og fører dei ut
og nemner dei alle med namn.
Hans kraft er så stor og hans styrke så veldig
at det vantar ikkje ein.
27Kvifor talar du så, Jakob,
kvifor seier du, Israel:
«Min veg er løynd for Herren,
min Gud bryr seg ikkje om min rett»?
28Veit du det ikkje, har du ikkje høyrt det?
Herren er den evige Gud
som skapte den vide jord.
Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mødd,
hans vit kan ingen grunda ut.
29Han gjev den trøytte kraft,
og den som ingen krefter har,
gjev han stor styrke.
30Gutar vert trøytte og mødde,
unge karar snåvar og fell.
31Men dei som ventar på Herren, får ny kraft;
dei lyfter vengene som ørnar,
dei spring og trøytnar ikkje,
dei går og mødest ikkje.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.