1Kom i hug, Herre, det som har hendt oss,
sjå hit og legg merke til kor vi vert spotta!
2Vårt land er kome i hendene på framande,
utlendingar har fått våre hus.
3Foreldrelause er vi vortne,
vi har ingen far;
mødrene våre er som enkjer.
4Vi må kjøpa det vatnet vi drikk,
og betala den veden vi brukar.
5Våre forfylgjarar har vi på nakken,
vi er trøytte og får ikkje kvila.
6Vi rette ut handa til Egypt og til Assur,
så vi kunne mettast med brød.
7Våre fedrar synda; dei er borte,
men vi ber straffa for deira skuld.
8Trælar er våre herrar,
og ingen riv oss ut or deira hand.
9Vi hentar vårt brød med fare for livet,
sverdet trugar i øydemarka.
10Vår hud er heit som ein omn,
for svolten gneg i kroppen.
11Dei krenkte kvinner i Sion
og unge jenter i byane i Juda.
12Dei tok og hengde stormenn
og hadde ingen vørdnad for dei eldste.
13Unge menn laut slita med kverna,
og gutar seig under vedbøra.
14Dei gamle sit ikkje lenger i porten,
det er slutt med ungdomens strengespel.
15Vi er ikkje lenger glade,
dansen er omsnudd til sorg.
16Kransen er fallen av vårt hovud.
Ve oss, vi har synda!
17Difor er hjarta vårt sjukt,
augo våre har mist sin glans.
18For Sion-fjellet ligg audt,
der renner no revar ikring.
19Men du, Herre, tronar til evig tid,
din kongsstol står frå ætt til ætt.
20Kvifor vil du gløyma oss for alltid,
gå frå oss for lange tider?
21Herre, før oss atter til deg,
så vi kan koma att.
Lat våre dagar verta som før!
22Eller har du vraka oss heilt
og vorte brennande harm på oss?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.