Hosea 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gud vil ha truskap

1Kom, lat oss venda om til Herren!

For han som reiv sund, vil lækja oss;

han som slo, vil binda om våre sår.

2Han vekkjer oss til liv etter to dagar,

den tredje dagen reiser han oss opp,

så vi kan leva for hans åsyn.

3Lat oss læra å kjenna Herren,

ja, jaga etter å kjenna han!

Han kjem like visst

som ljoset om morgonen.

Han kjem til oss som regnet,

lik vårregn som væter jorda.

4Kva skal eg gjera med deg, Efraim?

Kva skal eg gjera med deg, Juda?

Dykkar truskap er som ei morgonsky,

lik dogg som tidleg kverv.

5Difor gjev eg dei hogg ved profetane,

eg drep dei med ord frå min munn;

mine domsord mot deg går fram som ljoset.

6For eg vil ha truskap, ikkje slaktoffer,

gudskjennskap heller enn brennoffer. Skamlaust verk har Israel gjort

7Dei braut pakta i Adam,

der var dei trulause mot meg.

8Gilead er ein by med ugjerningsmenn,

han er full av blodspor.

9Presteflokken er lik røvarar

som ligg på lur etter menneske;

dei myrdar på vegen til Sikem.

Ja, skamlaust verk har dei gjort.

10I Israels hus ser eg fæle ting;

der driv Efraim utukt,

der gjer Israel seg urein.

11For deg òg, Juda,

er det fastsett ein haust.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help