1. Samuelsbok 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Saul vert konge

1Kisj heitte ein mann av Benjamins-ætta. Han var son til Abiel, son til Seror, son til Bekorat, son til Afiak, som var frå Benjamin. Kisj var ein velhalden mann.

2Han hadde ein son som heitte Saul, ein ung og fager mann. Det fanst ingen i Israel som var fagrare enn han, og han var eit hovud høgare enn alt folket.

3Ein gong kom det bort nokre eselhopper for Kisj, far til Saul. Då sa han til son sin: «Ta med deg ein av tenestgutane, og gå av stad og leita etter eselhoppene!»

4Dei fór over Efraims-heiane og gjennom Sjalisja-bygda, men fann dei ikkje. Så fór dei gjennom Sja'alim-bygda, men esla var ikkje der heller. Sidan fór dei gjennom Benjamins-landet, men fann dei ikkje.

5Då dei kom til Suf-bygda, sa Saul til tenestguten som var med han: «Kom, lat oss fara heim att, elles kunne far verta meir illhuga for oss enn for esla.»

6Men tenestguten svara: «I byen her bur det ein gudsmann som det går gjetord av. Alt det han seier, slår til. Lat oss gå dit! Han kan visst seia oss vegen vi skal gå.»

7Så sa Saul til tenestguten: «Ja, men om vi går dit, kva skal vi så ha med til mannen? Brødet i skreppene våre er ende, og vi har inga gåve vi kan by gudsmannen. Kva har vi vel med oss?»

22Men Samuel tok Saul og tenestguten hans og førte dei inn i halla. Han lét dei setja seg øvst mellom gjestene. Det var om lag tretti mann der.

23Så sa han til kokken: «Kom hit med det stykket som eg gav deg og bad deg ta vare på.»

24Då tok kokken opp lårstykket og feitthalen og sette det fram for Saul. Og Samuel sa: «Her har du det som er att. Et no! Det vart halde av for deg til denne høgtida som eg har kalla folket saman til.» Så åt då Saul i lag med Samuel den dagen.

25Sidan gjekk dei ned av haugen og inn i byen, og han sat og tala med Saul på taket. 5 Mos 22,8

26Tidleg om morgonen, med det same det tok til å dagast, stod dei opp, og Samuel ropa til Saul oppe på taket: «Stå opp, så skal eg fylgja deg på veg.» Saul stod opp, og dei gjekk ut i lag, han og Samuel.

27Då dei kom til utkanten av byen, sa Samuel til Saul: «Sei til tenestguten din at han skal fara føre.» Tenestguten gjekk, og Samuel sa: «Stogga du her, så skal du få høyra kva Gud har sagt.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help