1Ein gong på den tid var det atter mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa:
2«Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta.
3Lèt eg dei fara svoltne heim, vert dei reint utmødde på vegen; for somme av dei har kome lange vegar.»
4«Kvar kan ein få brød frå her i øydemarka til å metta alle desse?» svara læresveinane.
5«Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei.
6Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, så dei skulle dela dei ut, og dei delte dei ut til folket.
7Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei skulle delast ut.
8Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som låg att; det vart sju korger.
9Og det var ikring fire tusen menneske der. Så lét han dei fara heim.
10Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og kom til bygdene ved Dalmanuta.
Krav om teikn(Matt 16,1–4)11No kom farisearane til, og dei gav seg i ordskifte med Jesus. Dei bad han om eit teikn frå himmelen, for dei ville setja han på prøve. Jesus talar om at han skal døy og stå opp att(Matt 16,21–23; Luk 9,22)
31Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.