1. Mosebok 17 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Pakta og paktteiknet

1Då Abram var 99 år gamal, synte Herren seg for han og sa:

«Eg er Gud Den Allmektige.

Lev for mitt åsyn,

ver heil i di ferd!

2Eg vil skipa ei pakt

mellom meg og deg

og gjera ætta di uhorveleg stor.»

3Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han:

4«Sjå, eg gjer ei pakt med deg,

du skal verta far til mange folk.

5Du skal ikkje lenger heita Abram,

men Abraham skal namnet ditt vera;

for eg gjer deg til far åt mange folk.

6Eg lèt deg veksa og aukast og gjer deg til folkeslag; kongar skal gå ut frå deg.

7Eg skipar ei pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine, frå ættled til ættled, ei evig pakt. Eg vil vera Gud for deg og for ætta di etter deg.

8Og eg vil gje deg og ætta di etter deg det landet du no held til i, heile Kanaan-landet, til eige i all æve; og eg vil vera deira Gud.»

9Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå ættled til ættled.

10Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alle menn og gutar hjå dykk skal omskjerast.

16Eg vil velsigna henne og gje deg ein son med henne òg. Ja, eg vil velsigna henne, og ho skal verta mor til mange folk; kongar over folkeslag skal ættast frå henne.»

17Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Og han sa med seg sjølv: «Kan ein mann som er hundre år, få barn? Og Sara, som er nitti år, kan ho verta mor?» 18,12; Luk 1,18

18Og Abraham sa til Gud: «Gjev Ismael må få leva for ditt åsyn!»

19Men Gud sa: «Nei, Sara, kona di, skal få ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil gjera mi pakt med han, ei evig pakt for ætta hans etter han. 18,10; 21,3; Hebr 11,11

20Og bøna di for Ismael har eg høyrt. Eg vil velsigna han og la han få mange etterkomarar og ei stor ætt. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk. 16,10+

21Men pakta mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal få til års på denne tid.» 18,10.14; 21,1; Rom 9,9

22Då Gud var ferdig med å tala til Abraham, fór han opp frå han.

23Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle mennene i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av førehuda på dei, som Gud hadde sagt.

24Abraham var 99 år gamal då han vart omskoren.

25Og Ismael, son hans, var 13 år då han vart omskoren.

26Same dagen vart dei omskorne, Abraham og Ismael, son hans.

27Og alle mennene i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte hjå framande, vart omskorne saman med han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help