2. Samuelsbok 21 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Mennene i Gibeon tek hemn

1I Davids styringstid var det ein gong hungersnaud i tre samfulle år. Då vende David seg til Herren og spurde han til råds. Herren svara: «Det kviler blodskuld på Saul og ætta hans fordi han drap folk i Gibeon.»

2Kongen kalla då til seg mennene i Gibeon og tala med dei. Gibeons-buane var ikkje israelittar, men høyrde til dei amorittane som var att i landet. Israelittane hadde gjort pakt med dei, men Saul hadde prøvt å drepa dei, ihuga som han var for israelittane og judearane.

17Men Abisjai Serujason kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då gjorde Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i striden. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.»

18Sidan kom det til ny strid med filistarane, ved Gob. Der felte Sibbekai av Husja-ætta ein mann som heitte Saf og var ein av etterkomarane etter Rafa. 1 Krøn 20,4–8

19Endå ein gong kom det til strid med filistarane ved Gob, og Elkanan, son til Ja'are-Orgim frå Betlehem, felte Goliat frå Gat, han som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom. 1 Sam 17,7

20Sidan kom det til strid ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han òg var ætta frå Rafa.

21Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned.

22Alle desse fire var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help