5. Mosebok 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Forbod mot heidenske syrgjeskikkar

1De er søner åt Herren dykkar Gud. De må ikkje rispa dykk opp eller raka dykk snaue over panna når de syrgjer over ein som er død. Reine og ureine dyr

3Du skal ikkje eta noko som Herren styggjest ved.

4Dette er dei dyra de kan eta: okse, sau, geit,

8Like eins svinet, for det har klauver, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint. Kjøtet av desse dyra skal de ikkje eta, og når dei er daude, må de ikkje koma nær dei.

9Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta.

10Men de må ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.

11Alle reine fuglar kan de eta.

12Men desse fuglane må de ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben,

13glenta og alle slag falkar,

14alle slag ramnar,

15strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar,

16kattugla, hubroen og slørugla,

17pelikanen, åtselgribben og skarven,

18storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

19Alt kryp som har venger, skal de halda for ureint. Det må ikkje etast.

20Men alle reine fuglar kan de eta.

21De må ikkje eta noko sjølvdaudt dyr. Det kan du gje til innflyttaren i byane dine. Han kan eta det. Eller du kan selja det til ein utlending. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud.

Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.

Lova om tiend

22Kvart år skal du gje tiend av alt det som veks på marka.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help