2. Krønikebok 20 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Josjafat vinn over grannefolka

1Då det leid av ei tid, hende det at moabittane og ammonittane og saman med dei ein del meunittar gjorde ei hærferd mot Josjafat.

2Folk kom til han med melding om dette og sa: «Det kjem ein stor hær mot deg frå den andre sida av sjøen, frå Edom. Dei er alt i Haseson-Tamar» – det er En-Gedi.

3Då vart Josjafat redd. Han vende seg til Herren og spurde han til råds, og lyste så ut ei faste over heile Juda.

4Judearane samla seg og ville søkja hjelp hjå Herren. Frå alle Juda-byane kom dei og ville spørja Herren til råds.

5Så steig Josjafat fram for folket som var kome saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden,

6og sa: Herre, vår fedregud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen, og som rår over alle kongerike på jorda? I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kan stå seg mot deg.

13Imedan stod alle judearane der for Herrens åsyn; jamvel småborna og konene og sønene deira var med.

14Då kom Herrens Ande – midt imellom folket som var samla – over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je'iel, son til Mattanja, som var ein av Asaf-sønene.

15Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.

18Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og alt folket frå Juda og Jerusalem kasta seg ned for Herren og tilbad han.

19Og dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med sterk og høg røyst.

20Dagen etter tok dei ut i otta og fór til Tekoa-øydemarka. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de Juda-menn og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»

22Så snart dei tok til med fagnadrop og lovsong, lét Herren ein flokk som låg i bakhald, ta på ammonittane, moabittane og mennene frå Se'ir-fjellet, dei som rykte fram mot Juda, og dei vart slegne.

27Så fór dei heim att, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat føre, og glade kom dei til Jerusalem; for Herren hadde unnt dei den gleda å vinna over fiendane.

28Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus.

29Det kom ei redsle frå Gud over alle land og rike, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar.

31Så rådde no Josjafat i Juda. Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki.

35Sidan gjorde Josjafat, Judakongen, ein avtale med Akasja, Israels-kongen, han som bar seg så gudlaust åt.

36Han vart samd med han om å byggja skip som skulle gå til Tarsis; og dei bygde nokre skip i Esjon-Geber.

37Då tala Elieser Dodavason frå Maresja eit profetord mot Josjafat. Han sa: «Fordi du har gjort avtale med Akasja, skal Herren la tiltaket ditt mislukkast.» Og nokre av skipa forliste, så dei ikkje kunne gå til Tarsis.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help