1Til korleiaren. Med strengespel.
Ein Asaf-salme. Ein song.
2Gud er kjend i Juda,
hans namn er stort i Israel.
3I Salem er hans hytte reist,
på Sion står hans bustad.
4Der braut han sund dei lynande piler,
krigens våpen, skjold og sverd. Sela
5Strålande er du,
herlegare enn dei eldgamle fjell.
6Modige menn vart plyndra,
og dei sovna inn.
Hendene svikta kvar stridsmann.
7Ved dine trugsmål, Jakobs Gud,
fall hest og krigar i dvale.
8Ageleg er du, Gud.
Kven kan stå seg for ditt åsyn
når du vert vreid?
9Du kunngjer din dom frå himmelen.
Jorda vert mållaus av redsle
10når Gud står opp for å døma
og frelsa alle armingar på jord. Sela
11Jamvel manns harme vert til lovsong for deg;
harmen endar med høgtid.
12Gjev lovnader til Herren dykkar Gud,
og lat han få det de har lova!
Folk skal koma frå alle kantar
med gåver til den agelege Gud.
13Han bøyer dei stolte fyrstar,
og kongane på jord må ottast han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.