Ordtaka 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Det er Herren som gjev visdom

1Son min, ta imot mine ord,

og ta vare på mine bod,

2så du vender øyra til visdomen

og freistar å skjøna med heile din hug.

3Ja, berre kall på vitet,

og rop etter skjøn med høg røyst!

4Leit etter det som var det sølv,

grundig som når ein grev etter skattar.

5Då skal du skjøna kva gudsfrykt er,

og vinna kjennskap til Gud.

6For det er Herren som gjev visdom,

frå hans munn kjem kunnskap og skjøn.

7Han lèt dei ærlege ha framgang,

er eit skjold for den som er heil i si ferd.

8Han vernar dei stigar der retten rår,

og vaktar vegen for sine trugne.

9Då skal du skjøna deg på rettferd og rett,

på rettvise og all god framferd.

10For du skal få visdom i hjarta,

og kunnskap skal gjera deg glad.

11Ettertanke skal vakta deg

og godt skjøn verna deg.

12Det skal berga deg frå den vonde vegen,

frå folk som fer med rang tale,

13frå dei som går bort frå dei rette stigar

og held seg til mørke vegar.

14Dei gleder seg når dei gjer vondt,

og fegnast over det vonde og vrange.

15Dei ferdast på krokete stigar,

går seg bort på sine vegar.

Eit vern mot utruskap

16Visdom skal fria deg frå annan manns kone,

frå framand kvinne som lokkar så fint,

17ho som har svike sin ungdoms ven

og gløymt den lovnad ho gav sin Gud.

18Huset hennar sig ned til dødsriket,

vegen hennar fører ned til dei døde.

19Dei som går inn til henne, kjem aldri att,

dei når ikkje fram til livsens stigar.

20Men visdom skal hjelpa deg

til å fylgja den vegen der dei gode går,

og halda deg på stigar

der dei rettferdige ferdast.

21For dei rettvise skal bu i landet,

dei ærlege skal få vera der.

22Men dei gudlause skal rydjast ut

og svikarane rivast bort frå landet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help