1Då kom Herrens ord om Basja til Jehu Hananison, og det lydde så:
2«Eg har lyft deg opp or støvet og sett deg til fyrste over Israel, folket mitt. Men du har fylgt den same vegen som Jeroboam og fått Israel, folket mitt, til å synda. Og dei har harma meg med syndene sine.
25Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han bar seg jamvel verre åt enn alle dei som hadde vore før han.
26Han fylgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam Nebatsson og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Med dei gagnlause gudane sine harma han Herren, Israels Gud.
27Det som elles er å seia om Omri og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
28Så gjekk Omri til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Akab, son hans, vart konge etter han.
Kong Akab i Israel29I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Akab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte Israel i Samaria i tjueto år.
30Akab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens augo, endå meir enn alle dei som hadde vore før han.
31Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort. Men han gifte seg med Jesabel, dotter til Etba'al, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Ba'al og kasta seg ned for han.
32I det Ba'al-templet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Ba'al.
33Akab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han gjorde endå meir som harma Herren, Israels Gud. Han bar seg verre åt enn alle dei som hadde vore kongar i Israel før han.
34I Akabs tid bygde Hiel frå Betel opp att Jeriko. Då han la grunnvollen, kosta det han Abiram, eldste son hans, og då han sette opp portane, kosta det han Segub, yngste son hans. Såleis vart det oppfylt, det ordet Herren hadde tala gjennom Josva Nunsson.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.