1Eg vil syngja ein song om min ven,
songen åt min ven om hans vingard.
Ein vingard hadde min ven
i ein grøderik bakke.
2Han hakka han opp og reinsa han for stein
og planta han til med gode vintre.
Han bygde eit vakttårn i hagen
og hogg ut ei vinpresse der.
Så venta han ein haust av gode druer,
men beisk var den frukta han fekk.
3Og no, de Jerusalems-buar
og Juda-menn:
Døm mellom meg og min vingard!
4Kva meir var det å gjera med hagen
enn det eg alt hadde gjort?
Kvifor bar han så beisk ei frukt,
når eg venta meg gode druer?
5No skal eg seia dykk
kva eg vil gjera med vingarden min.
Eg tek bort gjerdet, så han vert avbeitt,
riv ned muren, så han vert nedtrakka.
6Eg gjer han til ei øydemark.
Han skal ikkje skjerast og hakkast meir,
men torn og tistel skal gro der.
Og skyene byd eg
at dei ikkje skal senda regn over han.
7For vingarden åt Herren, Allhærs Gud,
det er Israels hus,
og folket i Juda er hagen
som han hadde hugnad i.
Han venta rett,
men sjå, det vart blodig urett!
Han venta rettferd,
men høyr, det vart skrik! Verop
8Ve dei som legg hus til hus
og åker til åker,
til det ikkje meir finst rom,
og de sit att åleine i landet!
9Frå Herren, Allhærs Gud,
kling det i øyro mine:
Sanneleg, mange hus skal verta aude,
store, gode gardar skal stå tome.
10For ein vingard som kan pløyast på ti dagar,
skal berre gje av seg ein bat,
og ein homer såkorn berre ein efa.
11Ve dei som står tidleg opp om morgonen
og jagar etter sterk drikk,
som sit lenge utover kvelden
eldraude av vin.
12Dei held gilde med lyre og harpe,
tromme og fløyte – og vin.
Men Herrens gjerning ansar dei ikkje,
dei har ikkje syn for det hans hender har gjort.
13Difor skal folket mitt førast bort
før dei veit av det.
Stormennene skal forgå av svolt
og den ståkande hopen brenna av torste.
14Difor opnar dødsriket sitt svelg
og spilar opp sit gap umåteleg;
ned fer stormenn og folkehop,
den ståkande, lystige flokken.
15Då skal mennesket bøyast
og mannen audmykjast,
dei stolte må slå sine augo ned.
16Men Herren, Allhærs Gud,
er høg når han held dom,
den heilage Gud
syner seg heilag ved rettferd.
17Der skal lamma beita som i ei utmark,
gjøfe og geiter skal gå og gnaga
på dei aude tufter.
18Ve dei som dreg skulda til seg
med vondskaps sterke tog
og slepar på synd som med vognreip!
19Dei seier: «Lat han skunda seg og gjera sitt verk
så fort at vi kan få sjå det!
Lat det henda,
det Israels Heilage har fastsett,
lat det koma,
så vi får oppleva det!»
20Ve dei som kallar det vonde godt
og det gode vondt,
dei som gjer mørker til ljos og ljos til mørker,
beiskt til søtt og søtt til beiskt!
21Ve dei som er vise i eigne augo
og kloke i eigne tankar!
22Ve dei som er heltar – til å drikka vin,
og djerve karar – til å blanda sterk drikk,
23som frikjenner den skuldige for pengar
og ikkje lèt den skuldlause få sin rett!
24Difor, liksom eld øyder halm,
og høy sig saman i logen,
så skal rota deira rotna
og blomen føykjast bort som støv.
For dei har vraka lov og lære
frå Herren, Allhærs Gud,
og vanvørdt ordet frå Israels Heilage. Herrens vreide og straff
25Difor logar Herrens vreide mot folket hans.
Han retter ut handa og slår det,
så fjella skjelv, og lika ligg som avfall i gata.
Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,
og enno retter han ut si hand.
26Han reiser eit hærmerke
for eit folk langt borte
og plystrar det hit frå enden av jorda.
Og sjå, der kjem dei, snøgt og lett.
27Det finst ingen der
som er trøytt eller snåvar,
ingen som blundar, og ingen som søv.
Beltet om livet losnar ikkje,
og inga skoreim slitnar.
28Pilene deira er kvasse,
og bogane deira er alle spente,
hestehovane er som flint
og vognhjula som ein kvervelvind.
29Dei brøler som løver,
brøler som unge løver.
Knurrande grip dei sitt rov
og ber det bort
– det er ingen som bergar.
30Den dagen skal det dura over folket,
som når havet durar.
Ser ein ut over jorda,
er det trengsle og mørker.
Ljoset kverv under tunge skyer.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.