Jesaja 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Israels lovsong for Herrens frelse

1Den dagen skal du seia:

Eg takkar deg, Herre.

Du var harm på meg.

Men harmen din kvarv, og du trøysta meg.

2Sjå, Gud er mi frelse,

eg er trygg og ottast ikkje.

For Herren er mi kraft og min styrke,

og han har vorte mi berging.

3Med fagnad skal de ausa vatn

or frelseskjeldene.

4Og den dagen skal de seia:

Lovpris Herren og kall på hans namn!

Kunngjer hans gjerningar mellom folka,

forkynn at hans namn er opphøgt!

5Syng for Herren, for han har gjort storverk;

lat heile verda få vita det!

6Rop høgt av fryd og fagnad,

de som bur på Sion!

For stor er Israels Heilage,

og han er midt imellom dykk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help