1Då kalla Salomo dei eldste i Israel og alle ættehovdingane, leiarane for Israels-ættene, saman til seg i Jerusalem. Dei skulle henta Herrens paktkiste opp frå Davids-byen, det er Sion.
10Så hende det då prestane gjekk ut or heilagdomen, at skya fylte Herrens hus.
Herren har sagt
at han vil bu i skoddemørkret.
13No har eg bygt deg ein bustad,
ein stad der du kan bu til evig tid.
14Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden medan dei alle stod.
22Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden. Han breidde ut hendene mot himmelen
23og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn mot dei vara ved, når dei ferdast heilhjarta for ditt åsyn.
27Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt!
33Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om til deg og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset,
34då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei heim att til det landet du gav fedrane deira.
35Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei,
36då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.
37Når det vert hungersnaud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fienden kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket,
38og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner fordi han kjenner at det stikk han i hjarta, og breier ut hendene sine mot dette huset,
39då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta.
44Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, med augo vende mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt,
45då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett.
46Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær. Tempelvigsla
54Då Salomo hadde bore fram heile denne inderlege bøna for Herren, reiste han seg opp framfor Herrens altar, der han hadde lege på kne med hendene utbreidde mot himmelen.
55Han steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sa:
66Den åttande dagen lét han folket fara. Dei bad farvel med kongen og drog heim, kvar til sitt, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.