Lukas 13 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Omvending og frukt

1På den tid kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra.

2Då tok Jesus til ords: Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei?

20Og han heldt fram: «Kva skal eg likna Guds rike med?

21Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.»

Den tronge døra(Matt 7,13–14.21–23)

22Medan han var på veg til Jerusalem, fór han ikring frå by til by og frå landsby til landsby og lærte folket. Jesus og Herodes

31I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes tenkjer på å drepa deg.»

32Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet.

33Men i dag og i morgon og endå ein dag lyt eg vera på vegen, for ein profet kan ikkje lata livet nokon annan stad enn i Jerusalem.

Klage over Jerusalem(Matt 23,37–39)

34Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help