1Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall.
2Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste.Talsmannen
Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk.
5No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?»
12Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no.
13Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. Sorga skal vendast til glede
16Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de få sjå meg. Fullending og trengsler
23Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.
25Det eg no har sagt dykk, er gåtefull tale. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala gåtefullt, men ope og endefram fortelja dykk om Faderen.
26Den dagen skal de be i mitt namn. Eg seier ikkje at eg skal be Faderen for dykk;
27for Faderen sjølv elskar dykk, av di de har elska meg og trutt at eg har gått ut frå Gud.
28Eg har gått ut frå Faderen og er komen til verda. No fer eg bort frå verda att og går til Faderen.»
29Då sa læresveinane: «No talar du beint fram, og det du seier, er ikkje gåtefullt.
30No skjønar vi at du veit alt og ikkje treng til at nokon spør deg; difor trur vi at du har gått ut frå Gud.»
31Jesus svara: «Trur de no?
32Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då de skal spreiast og gå kvar til sitt og la meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; Faderen er med meg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.