Forkynnaren 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kongens ord

1Kven er som vismannen,

kven veit å tyda ei sak?

Visdomen får mannens andlet til å lysa,

så det strenge draget mildnast.

2Gjer som kongen byd,

for Gud har gjeve han sin eid.

3Ver ikkje snar til å gå bort frå han,

og ver ikkje med på ei ring sak!

For kongen gjer alt det han vil;

4det står makt bak hans ord.

Kven torer seia til han: «Kva gjer du?»

Menneske kan ikkje skjøna Guds verk

5Den som held bodet,

vil ikkje vita av noko vondt.

Den vise kjenner i sitt hjarta

både tida og domen.

6For alle ting har si tid og sin dom.

Det vonde menneska har gjort,

kviler tungt på dei.

7Ingen veit kva som skal henda.

Kven kan seia korleis det vil gå?

8Ingen har makt over vinden,

så han kan halda han att.

Og ingen rår for sin dødsdag.

I krig slepp ingen fri,

og vondskap bergar ikkje den gudlause.

9Alt dette har eg sett.

Eg har lagt merke til alt som hender under sola,

i ei tid då menneske har makt over andre,

så dei kan gjera dei skade.

10Elles har eg sett at vonde menn

vart lagde i grav og gjekk til kvile,

medan dei som hadde gjort rett,

laut fara bort frå den heilage staden

og vart gløymde i byen.

Det òg er fåfengd.

11Om domen over vond gjerning

ikkje straks vert sett i verk,

får menneska mot til å gjera det vonde.

12Hundre gonger kan eit menneske synda

og endå få leva lenge.

Likevel veit eg at det går godt

for dei som ottast Gud,

dei som har age for han.

13Men den gudlause går det ikkje vel;

hans liv vert kort, det er som ein skugge,

fordi han ikkje ottast Gud.

14Det er noko meiningslaust

som hender på jorda:

Somme rettferdige må bera den straff

som dei gudlause fortener,

og somme gudlause får den løn

som dei rettferdige skulle ha.

Eg seier: Det òg er fåfengd.

15Eg har lovprist gleda,

for det finst inga anna lukke

for menneska her under sola

enn å eta og drikka og vera glade.

Det fylgjer dei i strevet

den tid Gud lèt dei leva under sola.

16Eg la vinn på å læra visdom å kjenna

og sjå på det strev og slit

som menneska har på jorda;

for korkje dag eller natt

får dei blund på augo.

17Då såg eg at menneska

ikkje kan skjøna heile Guds verk,

alt det som hender under sola.

Kor mykje dei strevar og granskar,

finn dei ikkje ut av det.

Om den vise seier han veit det,

skjønar han det likevel ikkje.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help