Jesaja 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Bodskap til Nubia

1Ve deg, land, der venger svirrar,

bortanfor elvane i Nubia,

2du som sender bodberarar over sjøen,

med sevbåtar over vatnet!

Gå, de snøgge sendemenn,

til det høgvaksne folket med glinsande hud,

til folket dei ottast vide ikring,

det sterke folket som trakkar ned andre,

i eit land som er gjennomskore av elvar.

3Alle de som lever på jorda,

som byggjer og bur ikring i landa,

sjå opp når dei lyfter samlingsmerket på fjell,

høyr etter når dei blæs i horn!

4For så har Herren sagt til meg:

Frå min bustad ser eg roleg ned,

som når heten dirrar i solskinet,

som når skoddeeimen ligg der ein haustdag.

5Men etter at bløminga er slutt,

når druene held på og mognast,

men før dei enno er hausta,

skjer han rankene bort med kniv,

riv dei av og kastar dei frå seg.

6Dei skal alle gjevast

til rovfugl i fjellet og villdyr på marka.

Om sommaren er rovfuglen over dei

og om vinteren alle dei ville dyr.

7På den tid skal dei koma med gåver til Herren, Allhærs Gud, frå det høgvaksne folket med glinsande hud, frå folket dei ottast vide ikring, det sterke folket som trakkar ned andre, i eit land som er gjennomskore av elvar, – til den staden der namnet åt Herren, Allhærs Gud, bur, til Sion-fjellet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help