1Ein song til festferdene.
Til Herren ropa eg i mi naud,
og han høyrde mi bøn.
2Frels meg frå lipper som lyg,
frå falske tunger, Herre!
3Kva skal han gje deg, du falske tunge,
og kva meir skal han la deg få?
4Kvasse piler frå stridsmannens boge
og gloande kol av gyvelbusken.
5Ve meg, som må halda til i Mesjek
og bu mellom Kedars telt!
6Altfor lenge har eg butt
mellom folk som hatar fred.
7Eg ynskjer fred; men seier eg eit ord,
er dei ferdige til strid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.