1. Mosebok 23 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Abraham kjøper gravstad attmed Hebron

1Sara vart 127 år gamal; det var levetida hennar.

2Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron, i Kanaan. Og Abraham gjekk inn og syrgde og gret over Sara.

3Sidan reiste han seg, gjekk bort frå den døde kona si og sa til hetittane:

4«Eg er ein innflyttar og framand mellom dykk. Lat meg få ein gravstad til eige hjå dykk, så eg kan bera ut den døde kona mi og gravleggja henne.»

17Så vart Efrons jorde, som ligg attmed Makpela, austanfor Mamre, skøytt til Abraham. Han fekk både jordet og hola, og alle trea som voks på jordet, så langt det rakk til alle kantar.

18Det var dei vitne til, alle hetittane som var komne til porten i byen der Efron budde.

19Og Abraham gravla Sara, kona si, i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det er Hebron, i Kanaan. 25,9f

20Såleis gjekk jordstykket og hola der over frå hetittane til Abraham, så han fekk det til eigande gravstad.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help