1. Samuelsbok 26 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

David sparer atter Sauls liv

1Mennene frå Sif kom til Saul i Gibea og sa: «Du veit vel at David held seg løynd attmed Hakila-haugen, midt for Jesjimon.»

13Sidan gjekk David over til den andre sida av dalen og stod på ein fjellknaus langt borte. Det var eit godt stykke veg mellom dei.

14Han ropa til hæren og til Abner Nersson: «Høyrer du meg, Abner?» Abner svara: «Kven er du som ropar hit over til kongen?»

15David sa til Abner: «Du er ein mann som det ikkje finst maken til i Israel. Kvifor har du då ikkje halde vakt over herren din, kongen? Det har vore ein mann inne og vilja drepa kongen, herren din.

16Det er ikkje bra, det du har gjort. Så sant Herren lever: De skulle døy alle saman, fordi de ikkje heldt vakt over herren dykkar, over han som Herren har salva. Sjå, her er spydet og vasskrukka til kongen! Dei stod attmed hovudet hans.»

17Saul kjende att målet til David og ropa: «Er det ditt mål eg høyrer, David, son min?» David svara: «Ja, herre konge.»

20Lat ikkje blodet mitt væta jorda langt borte frå Herrens åsyn! For Israels konge har drege ut og leitar etter ei loppe, som dei jagar rapphøner i heiane.»

21Då sa Saul: «Eg har gjort urett. Kom heim att, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir sidan du sette livet mitt så høgt i dag. No ser eg at eg har bore meg uvitug åt og fare fælande vilt.»

22David svara: «Sjå her er spydet ditt, konge! Lat ein av mennene dine koma over og henta det!

23Herren løner den som er rettferdig og trufast. For det var Herren som gav deg i mi hand i dag; men eg ville ikkje leggja hand på den han har salva.

24Gjev Herren må halda mitt liv like gjævt som eg har halde ditt liv i dag, og fria meg ut or all naud.»

25Då sa Saul til David: «Velsigna vere du, David, son min! Alt du tek deg føre, skal lukkast for deg.» Så fór David sin veg, og Saul drog heim att.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help