Markus 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesu liding og død(Kap. 14–15)Samansverjing mot Jesus(Matt 26,1–5; Luk 22,1–2)

1No var det berre to dagar att til påske- og usyrdebrødshelga. Overprestane og dei skriftlærde leita etter eit høve til å gripa Jesus med list og slå han i hel.

2«Det må ikkje gjerast i høgtida,» sa dei, «elles kunne det verta oppstyr mellom folket.»

Jesus vert salva i Betania(Matt 26,6–13; Joh 12,1–8)

3Jesus var no i Betania, heime hjå Simon den spedalske. Medan dei sat til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho opna krukka og helte salven ut over hovudet hans.

4Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik øyding med salve tena til?

5Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala kvast til henne.

6Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.

7Dei fattige har de alltid hjå dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil; men meg har de ikkje alltid.

65Då tok somme til å spytta på han, og dei la eit plagg over andletet hans, slo han med nevane og sa: «No kan du vera profet!» Og vaktmennene slo han på kinnet.

Peter fornektar Jesus(Matt 26,69–75; Luk 22,56–62; Joh 18,15–18.25–27)

66Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestjentene hjå øvstepresten.

67Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne nasarearen Jesus.»

68Men han nekta. «Eg veit ikkje og skjønar ikkje kva du talar om,» sa han og gjekk ut i portromet.

69Men jenta fekk auga på han der, og tok atter til å seia til dei som stod ikring: «Han er ein av dei.»

70Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Ja menn er du ein av dei! Du er då galilear.»

71Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen de talar om.»

72I det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help