Jeremia 46 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Egyptarane skal lida nederlag

1Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om dei andre folka.

2Om Egypt.

Mot hæren åt farao Neko, egyptarkongen, som stod ved Karkemisj bortmed Eufrat, og som vart slegen av Nebukadnesar, babylonarkongen, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:

3Gjer skjold og verje i stand

og rykk ut til strid!

4Sel på, stig til hest, de ryttarar,

fylka dykk med hjelm på hovudet,

gjer spyda blanke, ta brynjene på!

5Men kva er det eg ser?

Kvifor vik dei tilbake i redsle?

Deira krigarar vert slegne,

dei rømer utan å sjå seg om.

Rundt ikring rår redsle,

lyder ordet frå Herren.

6Den lettføtte kan ikkje røma,

og krigaren slepp ikkje unna.

Der nord, ved Eufrat-bredda,

der snåvar dei og fell.

7Kven er det som stig lik Nilen,

lik elvar som fløymer i brusande straum?

8Det er Egypt som stig lik Nilen,

lik elvar som fløymer i brusande straum.

Folket sa: «Eg vil stiga

og breia meg ut over jorda,

gjera ende på byar og dei som bur der.

9Fram, de hestar! Av stad, de vogner!

Rykk ut, de krigarar,

de frå Kusj og Put som ber skjold,

og de frå Lud som spenner bogen!»

10Dette er ein hemnens dag

for Herren Gud, Allhærs Gud,

då han tek hemn over sine motstandarar.

Sverdet skal eta seg mett

og drikka seg utyrst av blod.

For Herren Gud, Allhærs Gud,

held ei offerslakting

i landet der nord ved Eufrat.

11Far opp til Gilead og få deg balsam,

Egyptarland, du unge møy!

Om du brukar mange lækjeråder,

er det inga hjelp i det;

såret ditt vil ikkje gro.

12Folkeslag høyrer om di skam,

ditt klagerop fyller jorda.

Den eine krigaren stuper over hin,

og saman fell dei begge.

Nebukadnesar går til strid mot Egypt

13Dette er det ordet som Herren tala til profeten Jeremia då Nebukadnesar, babylonarkongen, kom og ville slå Egypt:

14Kunngjer det i Egypt,

rop det ut i Migdol, i Nof og Takpanhes!

Sei: Stig fram og gjer deg klar!

For sverdet øyder rundt ikring deg.

15Kvifor er din sterke okse slegen ned,

kvifor kunne han ikkje stå seg?

Herren har støytt han ned.

16Han får mange til å snåva,

den eine fell over hin.

Dei seier: «Kom, lat oss fara heim att

til vårt folk og fedreland,

bort frå det herjande sverdet!»

17Dei skal kalla egyptarkongen farao

«bråkmakaren som ikkje akta på tida».

18Så sant eg lever, seier Kongen

– Herren, Allhærs Gud, er hans namn:

Som Tabor mellom fjella,

som Karmel utmed havet

er han som skal koma.

19Stell til det du skal ha med

når du må bort frå landet,

du folk som bur i Egypt.

For Nof skal verta ei audn,

leggjast i øyde, så ingen kan bu der.

20Ei staseleg kvige er Egypt,

men ein klegg frå nord slår seg ned på henne.

21Dei leigde stridsmenn i landet

– som gjøkalvar er dei,

dei snur om og rømer i lag;

dei kan ikkje stå seg.

For ulukkedagen er komen for dei,

tida då dei må gjera rekneskap.

22Høyr, ho frøser som ein orm,

for dei fer fram med ein hær.

Med øksar kjem dei mot henne

lik folk som høgg ved.

23Hogg skogen ned! seier Herren,

han har vorte for tett.

Dei er fleire enn grashopper,

tallause er dei.

24Egyptarane vert til skammar,

overgjevne til folket i nord.

25Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, seier: No vil eg heimsøkja Amon frå No, farao og Egypt, gudane og kongane i landet, både farao og dei som lit på han.

27Ver ikkje redd, Jakob, min tenar,

miss ikkje motet, Israel!

For eg bergar deg frå land langt borte,

ætta di frå landet der ho er i fangenskap.

Jakob skal atter få ro og leva trygt,

og ingen skal skræma han.

28Ver ikkje redd, Jakob, min tenar,

for eg er med deg, seier Herren.

Eg gjer ende på alle dei folkeslag

som eg har drive deg bort til.

Men deg gjer eg ikkje ende på.

Eg tuktar deg med måte,

men reint utan straff

kan eg ikkje la deg vera.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help