1. Samuelsbok 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Samuel vert fødd

1I Ramatajim i Efraims-fjella budde det ein mann av Suf-ætta som heitte Elkana. Far hans heitte Jeroham og var son til Elihu og soneson til Tohu, som var son til Suf, ein efraimitt.

10I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt.

11Og ho gav ein lovnad og sa: «Herre, Allhærs Gud! Dersom du vil sjå kor vondt tenestkvinna di har det, og koma meg i hug og ikkje gløyma tenestkvinna di, men la meg få ein son, så vil eg gje han til Herren for heile livet, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.»

21Då så Elkana drog opp att med heile huslyden sin og skulle bera fram for Herren det årlege slaktofferet og lovnadsofferet, 1 Mos 25,21

22vart ikkje Hanna med. Ho sa til mannen sin: «Eg vil venta til guten er avvand. Då vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.»

23«Gjer som du tykkjer best,» svara Elkana, mannen hennar. «Ver heime til du har vant han av! Gjev Herren må setja sitt ord i verk!» Så vart kvinna heime og gav guten bryst til han var avvand.

24Men då ho hadde vant han av, drog ho opp med han. Ho hadde med seg ein treårsgamal okse, ein efa mjøl og ei vinhit, og ho førte han til Herrens hus i Sjilo. Han var berre småguten den gongen. 4 Mos 15,8ff

25Så slakta dei oksen og førte guten inn til Eli.

26Og ho sa: «Høyr på meg, herre. Så sant du lever, herre: Eg er den kvinna som stod her hjå deg og bad til Herren.

27Denne guten var det eg bad om, og Herren har høyrt bøna mi.

28No gjev eg han att til Herren for heile hans levetid; det var for Herrens skuld eg bad om han.» Så bøygde dei seg og tilbad Herren der.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help