Hosea 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Folk og førarar har svikta

1Høyr dette, de prestar,

lyd etter, du Israels ætt!

Kongehus, vend øyra til!

For de har ansvar for retten,

men de har vorte ei snare for Mispa,

eit utspent nett på Tabor

2og ei djup fallgrav i Sjittim.

Men eg vil tukta dei alle.

3Eg kjenner Efraim,

og Israel er ikkje løynd for meg.

For no har du drive utukt, Efraim,

Israel har gjort seg urein.

4Deira gjerningar hindrar dei

i å venda om til sin Gud.

For dei har ei utuktsånd i hjarta

og kjenner ikkje Herren.

5Israels byrgskap vitnar mot han sjølv,

Israel og Efraim skal snåva i si synd,

og Juda skal snåva med dei.

6Når dei kjem med sitt småfe og storfe,

og søkjer Herren,

finn dei han ikkje;

han har vendt seg bort frå dei.

7Dei har vore trulause mot Herren,

for dei har fått uekte born.

No skal nymånen gjera ende

både på dei og jorda deira. Herren er som ei løve mot Efraim

8Lat hornet gjalla i Gibea,

blås i trompet i Rama,

lyft hærrop, Bet-Aven!

Dei er etter deg, Benjamin!

9Efraim skal verta ei øydemark

den dagen straffa kjem.

Mellom Israels ætter har eg kunngjort

det som visseleg skal henda.

10Juda-hovdingane har vorte

lik folk som flytter merkesteinar.

Over dei vil eg ausa ut

min harme liksom vatn.

11Efraim er trælka,

retten er trakka under fot;

for folket gav seg til å fylgja

det som ingenting er.

12Eg er som verkjesår for Efraim,

som ròtenskap for Juda-ætta.

13Då Efraim såg sjukdomen sin,

og Juda merka såret sitt,

gjekk Efraim til Assur

og sende bod til storkongen.

Men han kan ikkje gjera dykk friske

og ikkje lækja dykkar sår.

14Sanneleg, eg er som ei løve mot Efraim,

som ei ungløve mot Juda-ætta.

Ja, eg riv sund og går min veg,

eg slepar bort, og ingen bergar.

15Eg går min veg

attende til min stad

til dess dei vedkjennest si skuld

og søkjer mitt åsyn.

I si naud skal dei leita etter meg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help