2. Krønikebok 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Salomo fullfører verket

1Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja Herrens hus og sitt eige hus,

4Han bygde opp Tadmor i øydemarka og alle byane med lagerhus som han grunnla i Hamat.

5Like eins bygde han opp Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon og gjorde dei til festningsbyar med murar, portar og bommar.

6Elles bygde Salomo Ba'alat og alle byane der han hadde lagerhus, og alle dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.

7Alle som var att av hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje høyrde Israel til,

8etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde rudt dei ut, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag.

18Hiram sende nokre av mennene sine til han med skip og sjøvane folk. Saman med mennene åt Salomo fór dei til Ofir; der henta dei fire hundre og femti talentar gull, som dei hadde med seg heim til kong Salomo.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help