1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Kan ein vismann svara så bort i veret
og blåsa seg opp med tomt snakk,
3forsvara si sak med gagnlaus tale,
med ord som ikkje duger?
4Jamvel agen for Gud bryt du ned
og hindrar den stille ettertanke for Guds åsyn.
5Det er di synd som lærer deg å bruka munnen,
du vel å tala med listig tunge.
6Det er din munn som dømer deg, ikkje eg,
dine lipper vitnar imot deg.
7Vart du fødd før andre menneske,
vart du til før alle haugar?
8Var du tilhøyrar då Gud heldt fortruleg råd,
reiv du til deg visdom der?
9Kva veit du som vi ikkje veit,
kva skjønar du som er ukjent for oss?
10Somme av oss er gamle og grå,
eldre av år enn din eigen far.
11Er Guds trøystande ord ikkje nok for deg,
ord som kjem til deg så mildt?
12Kvifor lèt du kjenslene riva deg med,
kvifor rullar du med augo?
13Du vender din harme mot Gud
og tek sterke ord i din munn.
14Kor kan vel eit menneske vera skuldlaust?
Kan den som er fødd av ei kvinne, ha rett?
15Gud lit ikkje eingong på sine heilage englar,
og himmelen er ikkje rein i hans augo,
16langt mindre ein mann som er stygg og vond,
som sluker urett liksom vatn.
17Eg skal seia deg noko, høyr på meg!
Eg vil fortelja det eg har sett,
18det som vise menn har forkynt,
og som fedrane ikkje heldt dult.
19Berre til dei vart landet gjeve,
ingen framand drog saman med dei.
20Den gudlause lever støtt i angst,
valdsmannen har ikkje mange år i vente.
21Han høyrer skræmande lydar,
midt i fredstid kjem herjaren mot han.
22Han trur ikkje han kjem att frå mørkret,
han er etla til å falla for sverd.
23Han flakkar om etter brød – men kvar finst det?
Han veit han har mørke dagar i vente.
24Naud og trengsle skræmer han
og tek makta frå han
liksom ein konge, budd til strid.
25For han har lyft si hand mot Gud
og vore trassig mot Den Allmektige.
26Han stormar mot han, bratt i nakken,
under sitt tjukke, boga skjold.
27Hans andlet er bolna av feitt,
og han legg på seg kring hoftene.
28Han slår seg ned i øydelagde byar,
i hus der ingen kan bu,
fordi dei held på å siga i røys.
29Han vert ikkje rik, hans velstand forgår,
grøda bognar ikkje på hans jord.
30Han slepp ikkje ut or mørkret;
logen skal svi hans friske skot,
og vinden skal sopa bort blomen.
31Han må ikkje lita på det som er fåfengt,
for då narrar han seg sjølv,
og gagnlaust er det han får att.
32Han skal visna før tida er komen,
og greinene hans skal aldri meir grønkast.
33Han liknar eit vintre som misser karten,
eit oliventre som blomen fell av.
34Nei, den gudlause flokken får inga frukt,
og elden øyder telta åt dei som tek muter.
35Dei avlar udåd og føder vondskap,
frå deira fang kjem berre svik.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.